Med det utrivelege haustvêret vi har hatt siste tida, med vedfyring og kakao om kveldane, var det usannsynleg deilig med ein utedag med litt sol. Mitt store ønske for bursdagen var å gå på Helgehornet med familien, og deretter grille pølser ved Hovdevatnet. For å toppe det heile vart vi inviterte på kaffi og kaker i Ørsta etterpå. Ein super dag, der eg i tillegg feira at eg har fått unnagjort sensuren for i år!
Og viss ein forstørrar det nedste bildet, ser ein heilt inn i stor-staden Ørsta.Kan de sjå at der ligg ein stor skugge i fjellsida til venstre i bildet? Det er der vi bur.No forstår eg kvifor andre pratar om sol og sommar som ikkje VI har merka mykje til.På dette fjellet har faktisk eg også vore 2-3 gonger.
SvarSlett