Nabo T ringde i dag tidleg og lurte på om vi ville vere med til hytta deira. Dei to store hadde andre avtalar, men dei to små og eg var lette å be. Vi fekk sitte på i bil nesten heilt fram, og ruta er å kjøre til Steinsvik, Åmelfot og deretter opp ein fjellveg forbi Åmela kraftverk. Området ligg dessverre utanfor det nye kartet mitt.
Dagen var ikkje heilt strålande, men det gjaldt berre vêret. Dagen elles var kjempefin, med hyggeleg selskap og kjensla av høgfjell.
Kjem ein over grensa til Nordfjord sidan det ligg utanfor kartet ditt?
SvarSlettEg må sjekke eit av dei mange karta eg har-og dessutan finn ein det kanskje på data?
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettEin kjem for langt ned i venstre hjørne... Det vart sagt at ein kan gå eit lite stykke over fjellet og ende opp i Vanylven, lengst oppe i Almklovdalen.
SvarSlettI Almklovdalen har eg vore, men berre med bil.Såg ut som de hadde det fint på turen i alle fall.
SvarSlettDette er ein ukjend del av verda for meg.
SvarSlett