onsdag 9. juni 2010

Vi tek det sporty - bokstaveleg tala

Clutchen er truleg gåen på bilen min, så no vert det sykla til og frå ferjekaia når eg skal på jobb. Det er ikkje meir enn 6 km, og ingen bratte bakkar, så det går heilt fint. Eg har dessutan vore heldig med vêret så langt. I dag skulle dei to minste fraktast på fotballtrening, så då var det berre å spenne på seg sykkeltilhengaren og la det stå til. Eg merka faktisk ikkje så mykje til den ekstra vekta av Minstemann, og heller ikkje av varene vi handla undervegs. Det verkar langt tyngre å sykle med ein tung ransel på ryggen.

Veslejenta sykla til Folkestad, trena fotball i halvannan time og sykla deretter heim. Det må vel vere god trening? Minstemann kosa seg i tilhengaren, og deltok faktisk på treninga han òg denne gongen. Ja, til og med Gamla var borti ballen nokre gonger i dag. Junior kom òg til treninga - han hadde blitt med ein kompis heim etter at dei kom att frå skuleturen på Årsetøya. Heldigvis fekk han sitte på med ein annan kompis heim, så han slapp å jogge etter oss heimatt.

1 kommentar:

  1. Sykling er ein fin idrett. Det er ikkje likar er at de syklar på taffikert veg.Håper bilistane tek omsyn. Men ungane har vel skyss til skulen?
    men no skal det visst bli meir snø og kulde, så då.......

    SvarSlett