lørdag 26. juni 2010

Kunsten å gjere tannlegetimen til eit lite høgdepunkt i kvardagen

Torsdag tok eg turen til tettbygde strok for å gå til tannlegen. Og når eg skal til tannlegen, har eg ein tradisjon: eg tek ut 2000 kroner i kontantar. Tannlegen reagerer på at eg betaler kontant, men forklaringa er enkel. Eg "løyver" pengar som eg kan shoppe uhemma for. Det kostar aldri meir enn 700 kroner med tannlegen, for eg er ein av hans dårlegaste kundar, og då blir det ein festdag etterpå. Kollegavenninne K, vesle P og eg var innom opptil fleire caféar, og skravla gjekk utan stans. Og så kjøpte eg nye lys og ein Ekelund-løpar som skulle matche den fine keramikkskåla eg fekk til bursdagen.

1 kommentar:

  1. Ja, det eine dreg det andre med seg, men det er alltid kjekt med litt nytt å pynte opp med. Sjøv er eg på jakt etter nye sofaputer som matchar den nye sofaen + nye gardiner sjølvsagt.Løperen var veldig stilig til skåla, forresten, og med raudt og gult til, blir det ikkje dystert.

    SvarSlett