Eg plukka med meg denne boka frå hylla på biblioteket for å ha ei lita bok å høyre på medan eg venta på Knausgård 2, men det var verkeleg vekkasta tid. Her er ingen overraskingar i det heile; boka handlar om ei sjuk kvinne som er arving til ein kunstskatt, bortskjemde ungar som er ute etter arven, ei ung jente som kjem for å stelle henne og ein ung gartnar som skal rydde i hagen. Eg er sikker på at fleire av blogglesarane allereie har gissa slutten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar