tirsdag 17. august 2010

Bok 42 2010: "Señor Peregrino" av Cecilia Samartin

Etter å ha lese "Drømmehjerte" var eg litt skeptisk til denne romanen, og med god grunn. Boka inneheld to parallelle historier. Hovudpersonen Jamilet er ein analfabet "wetback" som reiste til USA for å få fjerna eit fødselsmerke. Ho får jobb med å ta seg av "señor Peregrino", som fortel ei historie om ei pilgrimsreise. Ein kan velje å lese boka som ein vakker fabel, eller kritisere den som urealistisk søtsuppe. Sidan eg allereie har kritisert "Drømmehjerte", hallar eg sjølvsagt til den sistnemnde lesemåten, sjølv om eg også ser underhaldningsverdien i dei vakre historiene.

3 kommentarer:

  1. Dette var i alle fall ikkje noko for meg. Det vart for mykje ukebladsromantikk.

    SvarSlett
  2. Tykte det var ein fin historie, trass alt! Kvar ligg i omgrepet wetback?

    SvarSlett
  3. "Wetback" er ein mexicanar som kryssar elva Rio Grande for å kome til USA som illegal innvandrar. Historia var fin heilt til slutten, syntest eg. Då tok det av. Det same skjedde i "Drømmehjerte".

    SvarSlett