fredag 20. august 2010

Litledalsegga (678 moh)?

No veit eg faktisk ikkje kva det heiter der eg har vore - det ligg utanfor turkartet mitt, i alle fall. Eg kjørte attende til Storlida, der eg var tidleg i sommar, og så gjekk eg oppover nokre små fjelltoppar til eg såg Almklovdalen i Vanylven. Trur eg. Der var dårleg med stiar, men såpass lite vegetasjon at ein kunne gå på berg og i lyng dit ein ville. Og det var sjølvsagt til ein utsiktstopp der ein kunne sjå fjell og solnedgang.

2 kommentarer:

  1. Veldig mange flotte naturbilete! Skjønar at du er ei sprek dame, men gå ikkje ut på tur åleine! Almklovdalen kom mormora mi frå, så det var artig at du nærma deg dit.

    SvarSlett
  2. Det om mormora di visste eg faktisk ikkje! Elles var det ei merkeleg kjensle plutseleg å sjå ned i dalen - det må vere minst 11 mil å køyre frå Storlida til Almklovdalen, og kanskje berre ein time å gå over fjellet. Det er vel einkvan som har stått slik på eit fjell og sett frå Kalvatn til Hornindal også :)

    SvarSlett