mandag 16. august 2010

Brekkeheida

Ei tidlegare klassevenninne har flytta attende til heimbygda, og vi har hatt ein del kontakt per telefon. Eit mål for sommaren var å kome oss ut på tur ilag, og det gjorde vi endeleg til slutt. Turen gjekk til Hellevegen opp til Brekkeheida, med noko plunder fordi vi presterte å gå feil. Ungane syntest det var spennande å sjå Ørsta frå oven - turen er verken lang eller tung, og ein får mykje utsikt frå eit lite fjell. Triveleg var det òg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar