søndag 1. august 2010

Bok 38 2010: "Heksene" av Roald Dahl

Eg bloggar berre om dei store klassikarane blant barnebøker eg les for ungane, og denne gongen er det ein Dahl-klassikar som eg ikkje hadde lese før, berre sett filmen. Boka handlar om ein gut som set seg som mål å utrydde alle hekser i verda saman med bestemora si, og det er grotesk og humoristisk i ekte Roald dahl-stil. Eg skulle ønske ein elev kunne ha valt Roald Dahl som utgangspunkt for fordjupingsemnet sitt i år, for det er verkeleg ein spennande forfattarskap som spenner frå den memoarprega "Boy" til dei groteske kriminalnovellene i "Tales of the unexpected"-serien, frå den nydelege "Danny, the champion of the world" til den heilsprø fantasihistoria "Charlie and the chocolate factory". Det er mogleg å sjå eit mønster i forfattarskapen, samtidig som det heile er spennande og "unexpected". Ein absolutt favoritt for ungar og vaksne med sans for drama og spenning.

1 kommentar:

  1. Eg er sjølvsagt heilt samd med deg når det gjeld Roald Dahl sjølv om eg ikkje har lese så mykje av han.Har nok vore borti ei og anna barnebok, om ikkje anna. Fjernssyns-versjonen av krimnovellane hugsar eg så vidt, særlig der politimennene et opp "mordvåpenet"-ei (frosen) lammesteik.Får håpe elevane dine les bloggen, så einkvan av dei tek hintet.

    SvarSlett