mandag 16. august 2010

Bok 41 2010: "Brødrene Karamasov" av Fjodor Dostojevskij

Eg har ikkje lese mange store russiske romanar, og hadde neppe gjort det heller, viss det ikkje var for at eg er medlem i "Verdensbiblioteket". Denne romanen er på nesten 800 sider, og det tok om lag 200 sider før eg forstod kva boka eigentleg handla om. Det var svært mange presentasjonar av ulike personar i starten, og for kvar av personane vert det brukt to - tre ulike namn. Eg var temmeleg forvirra ei stund, men fekk etter kvart sans for romanen, og no tenkjer eg at eg godt kunne ha lese den ein gong til. Historia er at ein svært usympatisk far blir drepen, og så får vi høyre om kva som skjer og har skjedd med dei fire sønene hans. Romanen kan lesast som ein slags kriminalroman, men det er først og fremst dei filosofiske drøftingane som gjer den så interessant. Persongalleriet er variert, og favorittsekvensen min er då Djevelen opptrer saman med ein av brørne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar