tirsdag 5. april 2011

Paris? London? Sør-Spania? Eller Volda, kanskje?












Det er ei litt annleis veke på jobb. Ja, det er det for så vidt ofte, men denne veka er dei aller fleste tredjeklassingane ute på tur, i tillegg til at eine Service og samferdsle-klassen er ute i praksis. Dette merkar vi godt på jobb - der er både færre elevar og færre lærarar, og dermed god plass på parkeringsplassane, i kantina og i gangane.

Åtte av undervisningstimane mine denne veka går ut, men eg har blitt hyra som vikar for lærarar som fyl elevar til London. Dagens vikar-økt var forresten ein opptur; klassen var berre utruleg kjekk å vere i, og dei skulle lese eit utdrag frå "Angela's Ashes", som eg kjenner godt frå før. Eg fekk fortelje dei om Frank McCourt og den merkelege forfattar-karrieren hans, vise trailer frå filmen og fortelje om noko av innhaldet i boka. Responsen var svært god - men det kan no hende det berre var nyheitas interesse ved det å ha ein framand lærar.










Etter jobb stakk eg innom TREN og tok meg ei økt på tredemølle. Eg er plaga med sår hals for tida, så noko særleg jogging vart det ikkje, men eg la no bak meg ei halv mil før eg drog for å hente Minstemann på SFO. No har vi kose-tysdag. Guten ser tv og et kjeks med ost, eg høyrer lydbok og styrer med litt småtteri av hus- og skulearbeid. Mengda av skulearbeid har gått mykje ned etter at eg vart ferdig med fordjupingsemna, og i dag fekk eg delt ut ei engelskprøve eg hadde hatt underst i bunken. No er eg rettefri heilt til neste torsdag, og det kjennest heilt fantastisk. Ein får trøyste seg med slike små høgdepunkt i den regngrå kvardagen, medan andre vandrar rundt i Londons gater, fotograferer Eiffeltårnet eller kosar seg i Spanias sol.

1 kommentar:

  1. Eg fekk ein liten oppstigelse i dag når Nils fekk raka plenen nedafor huset.Trudde aldri snøen skulle bli borte.

    SvarSlett