tirsdag 12. april 2011

Keep it simple

I dag letta regnet, og det vart etter kvart ein nydeleg vårdag. Eg hadde knapt nok vore ute i går, så det var i grunnen meiningslaust å gå på TREN, men eg er eit vanedyr som ikkje så lett rokkar ved rutinane. Minstemann vart derfor henta like før stengetid på SFO, og så skulle vi ha kosetysdag. Eg prøvde å få han med på ein tur ut, men sidan han òg er eit vanedyr, ville han berre flate ut framfor tv-en og vere konge over fjernkontrollen. Ok. Eg la meg på sofaen med ei lydbok på øyret, og etter kvart sov vi begge to.

Barnefaren kom med gåver til meg i går, og blant dei var eit beger med to posar i. Den eine inneheldt mold, den andre frø. Enklare kan det ikkje bli, og eg tenkte det kunne vere ein fin aktivitet for Minstemann. Det tenkte ikkje han: "du kan få gjere det sjølv", sa han med si mildaste stemme. Eg vurderer å fortelje om "den vesle raude høna" på senga i kveld, men det fungerer neppe som ein trussel at han ikkje får basilikum viss han ikkje hjelper til.

4 kommentarer:

  1. Ja, men eg trur eg må investere i ei litt kulare krukke.

    SvarSlett
  2. Såg desse på Plantasjen då eg var innom sist mandag, det vart ikkje til at eg kjøpte, men det kjem dagar etter dette.

    SvarSlett
  3. Eg synest forresten at krukkene var ganske kule.....

    SvarSlett