fredag 29. april 2011

Bok 28 2011: "Faust 1" av Johann Wolfgang von Goethe

I serien "Verdensbiblioteket" har eg no lese "Faust 1" i norsk gjendikting av André Bjerke. Den tyske versjonen ville truleg ikkje ha gjeve meg like mykje når det gjeld innhaldet, men handlinga var til dels godt kjend på førehand. Eg las til dømes Christopher Marlowes "Doctor Faustus" då eg studerte engelsk renessanselitteratur, og det stykket er basert på den same segna om mannen som selde sjela si til djevelen for å få suksess.

Trass i at eg er nynorsktilhengar, må eg seie at riksmålet til André Bjerke har stil og eleganse.

2 kommentarer:

  1. Vi las utdrag av Faust på gymnas-på tysk altså. Bør absolutt nytast på originalspråket! " ...ich zum Augenblicke sagen,vervweile doch du bist so schøn...(Fritt etter hukommelsen.)

    SvarSlett
  2. Ja, Andre Bjerke skriv eit elegant riksmål. Det går vel an å like BÅDE det og nynorsk?

    SvarSlett