lørdag 23. april 2011

Bok 25 2011: "Gullrush" av Toril Brekke

Denne romanen er eit framhald av "Drømmen om Amerika", som eg nyleg blogga om. Ein får følgje dei same personane, og borna deira, vidare utover i den amerikanske historia. Som tittelen tilseier, er leitinga etter gull sentral i romanen, men ein får òg høyre ein del om den amerikanske borgarkrigen.

På mange måtar likte eg denne betre enn den første romanen i trilogien, men spesielt omtalen om borgarkrigen blir noko overflatisk. Det verkar som om forfattaren er svært oppteken av å få fakta korrekt, og då vert forteljinga svakare. Nokre av lagnadene lever ein seg inn i, medan andre er relativt lite interessante. Eg synest uansett det er kjekt med slektsforteljingar og ser fram til den tredje boka.

1 kommentar:

  1. Det er ein fordel når ein les trilogiar eller andre seriar at det ikkje går for lang tid mellom bøkene.Det gjorde det når eg las desse som eg ikkje var altfor begeistra for.
    Venter på bok nr. tre i trilogiane til Karl Frode Tiller og Vidar Sundstøl.Kjem dei ikkje snart må eg lese om att dei to første !

    SvarSlett