onsdag 20. april 2011

Shopping spree


Då Eldstejenta vart 18, skulle ho få ein tur til butikksenteret Moa Amfi i gåve. Sidan det snart er mai, med konfirmasjon og 17. mai, var det forskjellig som måtte handlast til søskena òg. I dag fylte vi derfor Barnefarens Opel Vivaro (ni-setar) med oss sjølve og to venninner av Eldstejenta. Vi fekk utretta mykje når det gjaldt handel, møtte kjentfolk og åt sushi og kinamat. Ein triveleg og vellukka dag, med andre ord. 

3 kommentarer:

  1. Det vart bytur på frøkna og meg og i dag. Det viste seg at ho var både kle- og skolaus ;-) Ei rullgardin til halv pris var ærendet - og ei gåve til Moldetanta.

    SvarSlett
  2. Her har vi berre shoppa mat,har liksom aldri alt vi treng.Kjekt at byturen var vellykka. Håper vi få sjå litt av shoppingresultatet på bloggen.

    SvarSlett
  3. Nokre av resultata frå handelen dukkar snart opp på bloggen, sidan tre av borna fekk klede til konfirmasjon/17. mai. Barnefaren shoppa også litt når han fekk shoppinghjelp - som takk fekk eg ei krukke med gule stemorsblomar. Dei kan eg fotografere i morgon.

    SvarSlett