onsdag 27. april 2011

Når vårsol i bakkane blenkjer



I dag skein sola frå ein himmel som vart klårare for kvar time som gjekk. Eg starta derfor dagens dont med eit par timar lesing av bøker, deretter ei god stund med prat med nabodama. Så var det tid for middagslaging - det var eigentleg grandiosavêr, men eg hadde lova gjengen pannekaker. Dermed vart det litt inneliv likevel, men eg var snar utatt då middagen var overstått. Eldstejenta fekk høyre om pannekakene og vart med dei andre heim, og ho og eg gjekk oss ein koseleg tur på Gamlegjerdet medan dei hine for på fotballkamp/trening.

Det er fantastisk flott på Nordvestlandet på slike dagar. Denne årstida er den absolutt vakraste, og kveldane er lyse og lange. Energinivået vekslar fælt, men gå tur kunne eg ha gjort heile dagane. Det er verre å motivere seg for innearbeid.

3 kommentarer:

  1. Herleg vårver i dag. Eg hadde full dag, men var snar å kome meg ut!

    SvarSlett
  2. Feil namn i kommentaren. Det var eg Solveig

    SvarSlett
  3. Eg hadde litt vanskelig for å motivere meg sjølv til å sitte inne og sjå ein to timar lang film.Men eg angrar ikkje. Vi som har fri kvar dag(nesten) får ta det att.Nydelig utsikt på bilda! Både nær og fjern!

    SvarSlett