onsdag 6. april 2011

Variert fridag med varierande vêr


Sidan både Veslejenta og eg har vore sånn halvvegs forkjøla siste dagane, med sår hals og bankande hovud, såg eg ingen som helst grunn til å gå ut i regnvêret i føremiddag. Vi heldt oss inne det meste av dagen, og fekk såleis god tid til å gjere lekser/skulearbeid, bygge lego og trene kaninen Madeleine. Dei to yngste hadde dessutan ein heil jobb med å stelle uteburet til kaninen, som har budd i gangen i vinter og no driv med tilvenning for å kunne leve ute i sommarhalvåret.

Vanlegvis bruker eg ein del tid på middagskoking dersom eg er inne på ein fridag, men i dag vart det suppeboks. Ingen klaga på det, forresten, tvert imot. Attåt suppa hadde vi nyvarma ferdigkjøpte baguettar ("vi får heller ha noko lettvint i morgon"). Middagen vart servert då Storegut kom heim frå skulen, like før Veslejenta måtte kjørast på ferja.

Barnefaren kjørte henne på ballett i dag, så eg fekk vere heime saman med gutane. Då hadde vêret letta, og Minstemann og eg tok oss ein tur ut for å sjå etter vårteikn. Vi fann både blomar og sauer som vitna om vår, men kjekkast av alt var det å finne naboguten og leike med han. Dei to hadde blant anna "kappløp" då dei sat på kvar sin ATV i garasjen.



Etter kvart gjekk eg meg ein times tur etter vegane før eg måtte til å kjøre Storegut til og frå fotballtrening. No sit eg her og føler at eg har lata meg heile dagen, noko som slettes ikkje er tilfelle, men som tyder på at eg var effektiv tidleg på dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar