søndag 10. april 2011

Basar-søndag på Straumshamn - igjen



Vårens siste basar var det Ungdomslaget Fjell-Ljom som arrangerte. Sidan det var ein vakker vårdag med om lag femten varmegrader, og sidan det har vore tett mellom basarane i vår, var frammøtet så som så. Likevel vart det ei triveleg stund med kaker, kaffi, åresal og "trekking av loddbok". Alt dette er faste ingrediensar på basar, og i tillegg måtte vi ha med litt program. Det vart lese eventyr, spelt eit par sketsjar og dansa ein dans (Eldstejenta).

Med oss heim hadde vi dessverre ingen restar av Oreokaka, som forsvann svært fort, men om lag 1/3 ostekake var att. Dessutan vann vi nokre gevinstar - eg fann ein handduk som ikkje vart med då Veslejenta tok bilete, så fangsten var ganske stor. Med tanke på alt vi hadde med oss, gjekk vil likevel i underskot, men slikt tenkjer ein ikkje på når ein er fylt av idealisme. Vi har eit flott grendahus, lyd- og lysanlegg som mange misunner oss og snart ein ballbinge utanfor. Det er verd nokre dugnadstimar i form av kakebakst og kaffikoking.

2 kommentarer:

  1. Eit fantastisk bilde av Eldstejenta i svevet. Ballbilge er eit flott mål å arbeide mot, og alt som har skjedd med huset der inne er vel eit resultat av basarar og dugnader.Fint å ha eit grendahus, same kva som skal feirast. Hadde eg tenkt så langt, kunne eg ha sendt med pengar til lodd. Eg plar sjeldan og aldri vinne noko, men det er no litt morsomt å "vere med på leiken".

    SvarSlett
  2. For å sitere ei venninne: Det er at ein vinn, ikkje kva ein vinn! Men så kan det no vere artige gevinstar og.

    SvarSlett