onsdag 29. juni 2011

Bok 45 2011: "La meg synge deg stille sanger" av Linda Olsson

Olsson er ein svensk forfattar busett på New Zealand, og dette er debutromanen hennar. Ho skriv eigentleg på engelsk, men romanen inneheld utdrag frå svensk lyrikk mellom kapitla. Synsvinkelen vekslar mellom dei to kvinnene Veronika og Astrid, og i møtet mellom desse kjem to livshistorier til overflata og ein unik venskap tek til.

Eg vert ikkje heilt einig med meg sjølv om dette er ei vakker bok med mykje livsvisdom, eller om det er ei klisjéfylt forteljing med føreseieleg slutt. Kanskje balanserer romanen på grensa mellom desse karakteristikkane, og då er det mykje opp til lesaren og modusen denne er i om ein likar det ein les. Sjølv var eg begeistra ein stad midt i, men så vart det litt for mykje av det gode mot slutten.

Boka er kort og lett å lese, så de får heller lese den sjølve og gjere dykk opp ei meining.

2 kommentarer:

  1. Mange er svært begeistra for denne boka. Eg er ikkje av dei! Er nokså enig i det du skriv.Men det er nokså lenge sidan eg las boka, så eg hugsar ikkje all verda.

    SvarSlett
  2. Den har fått gode kritikkar,men eg forstår godt kva du meiner!

    SvarSlett