torsdag 9. juni 2011

Du skal ikkje tru det blir sommar

Etter jobb i dag tok Eldstejenta og eg oss ein tur på TREN, der vi både gjekk tur, jogga litt og rodde. Utan å bli våte. Etterpå tok vi ein snartur innom solsenteret, under mottoet "lag din eigen sommar". Det er deilig å sitje inne i kveld med ullsokkar og fleece, lettare solbrend, med ein stor kopp varm te. Kalenderen seier 9. juni.

3 kommentarer:

  1. Dette er ver til å bli skikkelig versjuk av, men vi har opplevd det same mange gonger før. Vi får håpe at det kjem seg -så gale har også hendt før.Intet er nytt under solen.Vi har i alle fall ikkje brukt opp fineveret før ferien i år.

    SvarSlett
  2. Olaug kom heim frå skuletur i går lett raud - av sola!

    SvarSlett
  3. I går, ja, då var det bra. I dag var det tilbake til normalen; rundt ti grader, regn og skodde...

    SvarSlett