mandag 13. juni 2011

Hasundhornet (533 moh), hoggorm og Hødd







Etter ein skoddegrå innesøndag starta eg andre pinsedag med eitt mål for auget: å vere i aktivitet ute. I følgje Barnefaren skulle vikingkaupangen på Herøy gard vere open i dag òg, men det viste seg at det ikkje stemde. Då vart det til at dei to små, iført tøy- og inneskor, vart med meg på Hasundhornet i Ulsteinvik. Eg budde i Ulsteinvik frå 1993 - 2000 utan å kome meg til topps på det sentrale fjellet, så det var på tide å ta turen. Det er fint å gå på tur ute i øyane, sidan der er lett terreng og lite skog. Med litt telefonisk assistanse frå Systa fann vi vegen opp, sjølv om vi hadde valt ei unødvendig lang løype.

På snarvegen nedatt vart det noko dramatikk då Minstemann trakka på ein hoggorm - eg har faktisk aldri sett ein slik før, og måtte kjempe litt med meg sjølv for å verke roleg og ansvarsfylt.

Storegut og laget hans skulle spele kamp i Ulsteinvik, og vi kom dit tidsnok til å få sjå andre omgang. Resultatet vart 16 - 0 til Folkestad, så gleda var stor. Dei hine vart att på grunn av gratisbillettar til Hødd-kamp, men eg er no heimom for å gjere meg klar til kveldens kinodate med nokre av jobbdamene.

4 kommentarer:

  1. Eg har aldri sett ein levande hoggorm, så eg veit ikkje korleis eg hadde takla det. Godt at ingen vart bitne i alle fall. Og ei god hjelp å ha mobil om noko slikt skulle ha skjedd. Eg kom meg så langt som ut på altanen i kveldinga.
    Eg skal sjå Saras nøkkel i morgon f.m.
    Håper det er skodde til filmen er slutt.

    SvarSlett
  2. Eg har sett ein gong, rett ved sida av broren vår på Brekkeheia ein gong på skuletur. Øystein ser orm rett som det er ...

    SvarSlett
  3. Kanskje ein kan unne andre litt sol i morgon?? - Sara-

    SvarSlett
  4. Eg unner alle sol. Merkar at vêret får stadig meir å seie for humøret og tiltakslysta.

    SvarSlett