tirsdag 14. juni 2011

Nail or Fail

Dagens store overrasking kom ikkje som noka bombe. Dei sju resterande elevane i klassen hadde resonnert seg fram til at dei kom opp i norsk munnleg, trass i mitt uklanderlege pokerfjes. (Det er kanskje ein grunn til at eg alltid taper i kortspel.)

Eg plar gå hardt ut og seie at eg har fått opp elevar til munnleg kvart einaste år eg har jobba, bortsett frå dei åra eg gjekk ut i fødselspermisjon før skuleåret var slutt. Til og med eit år det var sensornekt på munnleg fekk eg opp eit parti, fordi der dukka opp ein sensor som ikkje hadde somla seg til å organisere seg.

Munnleg eksamen er eit herk og eit pes, både for elevar og lærarar, men så er det også ei fantastisk lette å verte ferdig med det - dersom resultatet er ok. No sit både elevane og eg og les om norrøn litteratur, språkhistorie, romantikk og modernisme, blant anna. Elevane skal halde ein presentasjon først, og så skal eg spørje dei ut etterpå. Alle er vi spente på korleis det skal gå med oss, korleis sensoren er, korleis nervane oppfører seg når vi er under press. Eg trøystar dei med at dei om to dagar aldri treng å lese om dette att. Sjølv har eg att nesten 25 år før eg er pensjonist.

2 kommentarer:

  1. Eg forstår både lærar og elevar. Eg har alltid hata å gå opp til eksamen, særlig muntlig.Men når alle gjer sitt beste,får det stå til. Du har no bra erfaring etter kvart. Lykke til.

    SvarSlett
  2. Det er berre mitt tredje år, men heretter ser det ut til å bli kvart år ... Det går som regel bra med dei fleste.

    SvarSlett