mandag 28. mai 2012

Andre pinsedag: tur til Kilskrossen

Då temperaturen brått gjekk ned over ti grader, merka eg at energien trengde på. Etter ein sakte frukost med dei to yngste fekk eg det føre meg at eg skulle henge ut golvteppa og vaske skikkeleg i stova og på kjøkenet (same rom, eigentleg). Nokre late dagar med snacks og opa verandadør hadde sett sitt preg. Deretter fann eg fram dampvaskaren og sette i gang med å vaske bada med den. Dette gjer eg ikkje kvar veke, men det vert verkeleg fint og reint når ein har brukt den.


Ungane leika seg fint, men verka litt sløve, så eg drog dei med ut på tur eit par timar. Turen gjekk mellom anna til Kilskrossen, der det var utriveleg kald vind i dag.

Etter turen er det blitt middagslaging, brødbaking, klesvask og ein haug med skulearbeid. Ikkje dårleg på ein "fridag"!

2 kommentarer:

  1. Ein her i huset bada idet han begynte å bli forkjøla, ei har pådrege seg gnagsår pga for fine sko til kongeleg besøk. Olaug kom seg på fjellet og Håkon på kamp i Volda ... Men brød- og kakebaking vart det litt av!

    SvarSlett
  2. Og Nils kom seg ikkje til Volda før til andre omgang, det var på grunn av turen til Vallasetra.

    SvarSlett