tirsdag 8. mai 2012

Bok 24 2012: "Hjemstavn" av Arnaldur Indridason

I denne romanen reiser Erlendur attende til heimbygda, der broren forsvann på fjellet for mange år sidan. Han undersøkjer dessutan ei anna, gammal sak om ei kvinne som forsvann på 1940-talet. Meir vil eg ikkje skrive om innhaldet, for det er vanskeleg å seie noko utan å røpe for mykje.

Dette er ei av dei betre Indridason-bøkene eg har lese; mest fordi den handlar mykje om Erlendurs fortid utan å drage inn for mykje frå notida i tillegg. Notida vert på ein måte sekundær i heile romanen, samtidig som retrospeksjon alltid får fram eit ekstra perspektiv gjennom refleksjon.

2 kommentarer:

  1. Det var som om eg skulle ha sagt det sjølv, men du formulerer det betre enn eg. Dette var ei Indridason-bok av den gode, gamle sorten.

    SvarSlett
  2. Gler meg til eg får tak i den!

    SvarSlett