onsdag 23. mai 2012

Fantastisk fin fri-onsdag


I dag vart det ein nydeleg sommardag, og Minstemann og eg kunne nyte den fullt ut. Vi gjekk tur til Mjeltvika, då Minstemann fekk valet mellom å hjelpe til i hagen eller gå tur, og så klipte eg kantar og rota litt i bed. Det er spennande å sjå korleis hagen tek seg ut, og eg ser fram til å styre litt meir med blomar og denslags. Noko tid vart dessutan brukt til å flate ut i solstol og på solseng - det vart faktisk så varmt på verandaen at eg måtte flytte remediane mine ut på plenen.

Etter kvart laga eg middag, og som middagsgjester kom Barnefaren og dei to mellomste. På menyen stod laks med pesto, pasta og wok-grønsaker.

4 kommentarer:

  1. Mistenker deg for å gå tur i Mjeltvika for å sjå heim att? Det er jo ei fin utsikt elles også, då. Og bilfri veg?

    SvarSlett
  2. Det var Minstemann som valde ruta, men der er fint, flatt og bilfritt. Og så ser ein heimatt, og det er no alltid kjekt!

    SvarSlett
  3. Håper eg kan vere med dokke på den turen ein gong. ALLE turar er ei oppleving for meg, som har vore tur-laus så lenge.

    SvarSlett
  4. Herleg dag i dag - utan møte utover ettermiddagen!

    SvarSlett