søndag 27. mai 2012

Bok 28 2012: "Aurora - et portrett i sepia" av Isabel Allende

Oppfølgjarar til bøker eller filmar ein har likt godt, innfrir sjeldan forventningane. Særleg irriterande er det når ein roman er ein "frittståande" oppfølgjar, for då ser forfattaren seg nøydd til å forklare ein del av innhaldet i den første romanen, noko som er heilt unødvendig når ein las den for svært kort tid sidan. På sitt svakaste er denne romanen ein slik type oppfølgjarroman til "En lykkens datter", men den er òg god og lesverdig fordi den held fram forteljinga om nokre av dei mest interessante litterære karakterane eg har møtt på. Når ein trur at Allende fortapar seg i sentimentalt kliss, kjem ei vending i handlinga som gjer dette til stor litteratur, spesielt når det gjeld kvinner, men òg når det gjeld kjærleik og forhold mellom menneske.

1 kommentar:

  1. Eg driv også og les Allende. Les "Øya under havet" for andre gong og trur eg får med meg litt meir enn sist. Allende kan vere veldig god, men beveger seg ofte på grensa til trivial-litteratur i denne boka også. Likevel blir det sjarmerande på sin måte.

    SvarSlett