torsdag 3. mai 2012

Quilta veggpryd

Då vi pussa opp gangen, vart sikringsskapet eit lite problem. Det vart for vanskeleg å kle skapdøra med plater, og alternativet var å male tapeten.

Eller...?


Ein kollega av meg er flink til å quilte, og i påska tok eg ut mønster og fargar til eit veggteppe, som no heng framfor den skjemmande døra til sikringsskapet.

3 kommentarer:

  1. Flott bilde! Og sikringane er lette å finne!

    SvarSlett
  2. Eg synest det liknar litt på eit vindu ut mot stjernehimmelen.

    SvarSlett
  3. Godt tenkt, Besta! Eg syntest det passa med stjerner like ved soverommet. Eigentleg er biletet for fint til å henge i ein gang, men samtidig blir det eit blikkfang.

    SvarSlett