lørdag 30. juni 2012

Jorekstad og Maihaugen














Sidan vi ikkje er blant dei som har med kamera inn i badeland, legg eg berre ut bilete frå ettermiddagens tur til Maihaugen. Jorekstad badeland var fartsfylt og herleg for store og små, medan Maihaugen var hyggeleg og interessant. Vi kosar oss veldig alle fire, og synest slett ikkje det er nødvendig verken å reise langt vekk eller ha strålande vêr for å få mange flotte opplevingar.

2 kommentarer:

  1. Nei, ein køyrer forbi mange perler på veg til fjernare mål! Vi var på Maihaugen i fjor utan born, men såg at der var lagt opp for at der kan vere kjekt for alle.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje vore der sidan eg hadde med meg mine tre born...Kanskje på tide med ein tur igjen? Men det er lettare å stoppe og sjå når ein har born med seg -har eg erfart.

    SvarSlett