søndag 1. juli 2012

Leikeland og heimreise


Like etter opningstid stod Gamla og ungane utanfor Leikeland, som forresten låg rett ved hotellet. Gamla rigga seg til med data, internett-plugg og lydbok, medan ungane herja på i eit par, tre timar. Så gjorde vi oss klar til heimreise.

Vi har hatt ein koseleg mini-ferie, med aktive dagar og rolege kveldar. Måltida har vore store og gode, og vi har sett og gjort mykje forskjellig.

Kjøringa gjekk bra, i pappas bil. Vi kjørte feil berre to gonger, vart forbikjørt berre tre gonger og skapte ingen farlege situasjonar som vi veit om sjølve, i alle fall.

Gamla heva stemma berre ein gong på fire dagar, noko som må vere ny rekord, og det var då Veslejenta var skeptisk til å kjøre gokart. Ungane har rett og slett oppført seg eksemplarisk, og vi har kosa oss masse.

No står det berre att å fylle dei seks resterande ferievekene med kos og aktivitetar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar