onsdag 25. juli 2012

Bok 42 2012: "Av jord er du kommet" av Chris Tvedt

Chris Tvedt debuterte som kriminalforfattar i 2005. Boka eg har lese kom ut tidlegare i år, og i den presenterer han ein ny etterforskar. Eg likar etterforskaren, som er ein passeleg fasettert figur til at han verkar overtydande. Sjølve handlinga skal eg ikkje kommentere, anna enn at mord på prostituerte har blitt ein klisjé, noko som òg gjeld forfattaren si glorifiserte framstilling av dei prostituerte kvinnene. Som så ofte før synest eg slutten vert langdryg, og at spenninga berre flatar ut undervegs.

Konklusjonen min må vere at dette er heilt ok underhaldning, men at den store spenninga uteblir.

6 kommentarer:

  1. Har du lese noko av ekteparet med pseudonymet Lars Keplar? Eg har lese to av dei no, nummer ein ("Hypnotisøren") og tre ("Ildvitnet"). Kan verte litt mykje av det grusomme, men spanande lesing likevel!

    Eva

    SvarSlett
  2. Lars Kepler, ikkje Keplar;)

    SvarSlett
  3. Takk for tipset! Eg er veldig kritisk til krimsjangeren, har eg merka, men likar godt litt grusomt og spennande lesestoff :)

    SvarSlett
  4. Lars Kepler har gitt ut tre bøker:Hypnotisøren, Ildvitnet og ei som eg ikkje hugsar i farten. Har lese alle tre. Dei er over gjennomsnittet når det gjeld krim.
    Chris Tvedt er sånn passe, enig i det du skriv.

    SvarSlett
  5. Eg er begeistra for Chris Tvedt sine bøker, og det er omtrent unisont. Bra å sjå at det er nokre lesarar som er kritiske! :)

    SvarSlett
  6. Eg har lese mykje krim, og synest ofte det er langt mellom dei verkeleg gode bøkene. Tek gjerne imot tips!

    SvarSlett