søndag 29. juli 2012

Sol og Pavlova

I dag har eg drive med fagleg oppdatering nesten heile dagen. Eg har til dømes sett nærare på biografisjangeren og nyare internasjonal kriminallitteratur.

I kveldinga gjekk eg meg ein lang tur, og no kosar Eldstejenta og eg oss med ei herleg Pavlovakake på deling. Livet er ikkje så verst!

3 kommentarer:

  1. Trur denne sommaren kjem til å gå over i minnet som Pavlova-sommaren. Den kaka vi hadde på Hareid hadde eg laga av ein botn som hadde lagt i ein boks både vel og lenge, men var like god. Klæsja på krem og frukt etter at vi kom til Hareid. Viss ein er skikkelig lur, kan ein lage vaniljekrem av eggeplommane-det er ikkje vanskelig.Her er det kakeforbod for tida, i alle fall for mitt vedkomande..

    SvarSlett
  2. Dette var den "mislukka" botnen min - litt for mykje steikt, igjen. Det vert litt karamellsmak, men vi synest det er godt.

    SvarSlett