lørdag 7. juli 2012

Slekt skal følge slekters gang

Sidan vi var begynt å gå tome for mat, måtte dei to heimeverande ungane og eg ta oss ein skikkeleg handletur til Nordfjordeid i dag. Her heime var det fotsid skodde då vi for, men på Eid var det fem grader varmare og nesten strålande sol. Vi hadde derfor kledd oss litt feil, og vart plaga av varme.

På heimveg tok vi oss ein tur innom gravplassen på Eid, der ungane fekk sjå gravene til ein grandonkel, to sett oldeforeldre, ei tippoldemor og mannen hennar. Sjølv har eg kjent fire av desse, men kunne fortelje litt om dei andre òg. Ungane hugsar godt grandonkelen, som dei også møtte like før han døde.




Eg likar godt å gå på gravplassar og lese namn og minneord, sjå på årstal og steinar og tenkje meg inn i liv som har vore levd. Ei nydeleg, forseggjord grav for ein baby som har levd ein månad i 1937, til dømes, kan fortelje ei heil historie om sorg og sakn. Ei anna barnegrav, for ein baby som truleg var død ved fødselen, stod så vakker med nyplanta sommarblomar. Grava var frå 1995. Kanskje fortel graver som dette at tida slett ikkje lækjer alle sår.

1 kommentar:

  1. Kvar gong eg er på denne gravplassen tenkjer eg på ein gong eg var med pappa dit, med ei bitte lita kiste. Han fortalde at det var ein baby som var død ved fødeselen og såleis ikkje fekk si eiga grav, men var sett ned i ei "vaksengrav" ved første gravferd.
    Kan tenkje meg at det var fint på Eid i dag, dei er ikkje så mykje plaga med skodde som vi her nordom Stad.

    SvarSlett