mandag 9. juli 2012

Daim-iskake

Marengsbotn:
3 eggekviter
3 dl sukker
1 dl hakka mandlar

(Stivpisk sukker og eggekvite, bland i mandlane, tøm i ei kakeform og steik i om lag ein time på 135 grader. Slå av omnen og la botnen kjøle seg ned.)



Is:
5 dl kremfløyte (pisk til krem)
3 eggeplommer
150 g sukker (pisk saman eggeplommer og sukker til eggedosis)
2 doble daim (knusast i bitar)
Eventuelt eit par gelatinplater, dersom kaka skal halde fasongen.

Bland alt forsiktig saman og tøm oppå ein avkjølt marengsbotn før du set kaka i frysaren


4 kommentarer:

  1. Bilete, takk!

    Eva

    SvarSlett
  2. Biletet kom, det er ei av mine bake-it-easy-former, som må vere perfekt til føremålet :)

    SvarSlett
  3. Kjende att forma;)Ser skremande godt ut, men den må vel stivne...

    Eva

    SvarSlett
  4. Veldig enkel å lage, og kjekk å ha i hus. Trur eg bør lage eit lager :)

    SvarSlett