fredag 9. november 2012

Bok 75 2012: "Sluk" av Lars Saabye Christensen

Romanen er tredelt, der den første og tredje delen dannar ei slags rammeforteljing. I desse delane møter vi Chris, ein typisk Saabye Christensen-karakter som i godt vaksen alder ser attende på oppveksten i Oslo. Også denne hovudpersonen har ein fysisk "skavank", nemleg ein fot som han sleper etter seg. I den tredje delen møter vi ein vaksen Chris som har fått psykiske problem etter at eit manuskript han har skrive er blitt sletta. Mykje av denne delen av boka handlar om korleis Chris gradvis vert betre ved å snakke om tankane sine, og motviljen mot terapien skaper spenning og høve til refleksjon.

"Jeg lurer på om man kan skrive godt, selv om man er ond"

Del to i romanen er ei forteljing frå ein stasjonsby i USA, der hovudpersonen Freddie arbeider som "mellommann", noko som inneber at han på vegner av sheriff, dokter og prest bringer dramatiske nyhende til pårørande etter ulukker og dødsfall.

Eg har lese boka med interesse og ein viss entusiasme, men eg skal ikkje påstå at eg skjønar den fullstendig. Eg reknar med at parallellane mellom Chris og Freddie er det sentrale i tematikken, men ein bør truleg lese boka grundigare dersom ein skal få full innsikt i dette.

Saabye Christensen er ein av våre største norske forfattarar, og Kim Haugen les lydboka på ein glimrande måte.

1 kommentar:

  1. Denne meldinga kunne eg ha skrive sjølv, men eg gad ikkje å skrive så mykje om innhaldet, men saksa frå nettet og rekna med at du gjorde jobben betre. Eg er altså heilt enig i det du skriv. MP-spelaren min virkar dårlig, så eg få berre lagt inn ei plate om gongen, det at eg møddest så mykje gjorde at eg ikkje fikk rette flyten i lesinga av boka. Den var veldig typisk LSC.

    SvarSlett