lørdag 11. mai 2013

Bok 32 2013: "Kameleonens skygge" av Minette Walters

Charles Acland kjem heim frå Irak med hovudskadar og eit delvis vansira andlet. Han er mistenksam og aggressiv, spesielt mot kvinner, og det kjem fram at han har vore valdeleg mot eks-dama. Etter at ei rekkje drap finn stad i området vert Acland mistenkt, mykje fordi drapa er blitt utførte av nokon som er ekstremt sint. Det store spørsmålet i romanen er kor vidt Acland er skuldig eller ikkje.

Sidan eg har lese fleire av Walters' bøker med stor entusiasme, vart eg glad då eg fann ei bok eg ikkje hadde lese enno. Eg kan ikkje seie anna enn at denne skuffa meg stort, og at eg fann den relativt keisam og uinteressant frå byrjing til slutt.

1 kommentar:

  1. Solveig hadde den med på minnepenn og la den inn på maskina mi, men den virka ikkje. No les eg Victoria Hislop:"Tråden". Og du veit, ho er ingen favoritt.

    SvarSlett