torsdag 2. mai 2013

Opptaksprøve til musikklinja

Nokon kom heim seint onsdag kveld, etter å ha vore på tur til trondheim med fotball-laget. Gamla sat og venta på melding om å rykkje ut med bil i storm og regn, og heldigvis nådde dei 23.40-ferja så eg fekk legge meg ei stund etter midnatt.

Nokon er i dag på opptaksprøve til musikklinja på skulen der Gamla jobbar. Eg er rimeleg sikker på at han kjem inn, og eg håper verkeleg at alle dei tre gutta har gjort det bra i dag. Det blir fleire auditionar etter kvart dersom dei vil ha store roller i musikalar og denslags, så det er berre å venje seg til det.

Som kokk, vaskehjelp og privatsjåførsynest eg at Gamla fortener at nokon avlegg rapport om korleis det har gått, men det skal visst ikkje vere så lett. Kanskje Gamla skal la vere å ta telefonen seinare i kveld, når nokon vil heim frå fotballtrening?

2 kommentarer:

  1. Det vert kjekke og lærerike år på vidaregåande!

    SvarSlett
  2. Ja, eg er rimeleg sikker på at han kjem inn, og det blir kjekt å ha eit barn i gangane her att.

    SvarSlett