søndag 1. februar 2015

Bok 11 2015: "Den største forbrytelsen" av Marte Michelet

I denne dokumentarboka fortel Michelet historia om nokre norske jødar, men òg svært mykje bakgrunnsstoff om tilhøva i Europa og gangen i krigen. Eg har lært utruleg mykje om norske nazistar og om nordmenn som fekk redda over 400 jødar over grensa til Sverige med fare for eige liv. Michelet tek utgangspunkt i ein jødisk familie og fortel om lagnadene deira, i tillegg til at ho fortel om liva deira før krigen og om korleis det gjekk med dei overlevande.

Dette er ei viktig bok, ikkje minst i den tida vi lever i no, då nye folkegrupper ser ut til å bli stigmatiserte i ei slags fienderolle. Eg trur ikkje vi vil oppleve Holocaust som det var under andre verdskrig, med tyskarane si systematiske og fabrikkliknande utrydding, men det er ingen grunn til å tru at hat mot andre etniske grupper med påfølgjande vald og drap vil skje igjen.

2 kommentarer:

  1. Eg er glad for at du likte boka, sidan eg "tvinga" deg til å kjøpe papirutgåva. Dette er ei bok som ein godt kan lese langsomt -og blade litt fram og tilbake i. Eg las den som lydbok, men skal lese den ein gong til-på papir. Eg vil gå så langt som å seie at dette er ei bok alle BØR lese. Den er ikkje berre lærerik, men rett og slett GOD.

    SvarSlett