lørdag 28. februar 2015

Bok 20 2015: "Buzz Aldrin hvor ble det av deg i alt mylderet?" av Johan Harstad

Eg såg TV-serien som er basert på denne boka i fjor haust, og bestilte deretter boka og har hatt den liggande på vent i bokhylla. Sidan den er på over 600 sider, har eg kanskje vegra meg litt mot å lese den. I dag var eg forkjøla i styggevêret, så eg tenkte eg kunne begynne på den. Så greidde eg ikkje å stoppe før eg hadde lese ut heile romanen.

Hovudpersonen Mattias vert fødd i juli 1969, same dag som månelandinga. Han ønskjer mest av alt å vere eit anonymt tannhjul i eit maskineri, men får eit samanbrot på ein tur til Færøyane etter at han har mist både jobben og kjærasten. På Færøyane møter han fleire interessante menneske som får stor innverknad på livet hans vidare.

Eg synest denne boka er fantastisk. Den gir innblikk i menneskelagnader ein ikkje vil gløyme, og set i gang tankar om meininga med livet. I tillegg er her eit språk fylt av kulturelle referansar eg kjenner att frå 80- og 90-talet, i tillegg til nyskapande biletbruk.

Eg skjønar ikkje kvifor eg ikkje har lese boka før, sidan den fekk mykje positiv omtale då den kom ut i 2005.

Ein liten smakebit av språket:

"Ingen vet hvor Herren hopper, veiene uransakelige som rushtrafikk i Roma"

8 kommentarer:

  1. Med det same eg las Færøyane, hugsa eg at eg såg serien på TV.

    SvarSlett
  2. Eg sjekka haugenbok.no. Dei har berre pocketutgåva av boka-til 169 kr. Derfor trur eg ikkje den finst på lydbok, men eg skal høyre på biblioteket uansett.

    SvarSlett
  3. Viss den ikkje finst på lydbok, vurderer eg å kjøpe pocketutgåva.

    SvarSlett
  4. replica bags wholesale mumbai go to this web-site v8l16y0p03 replica bags online uae have a peek at this website s7h08c1n09 fake louis vuitton replica bags gucci i3g71b0s31 blog link v5h25s9g33 bag replica high quality replica bags wholesale in divisoria c2d49n4e68

    SvarSlett