fredag 6. februar 2015

Onedrive overrasking

Eg har ein svært datakyndig elev som syner meg eitt og anna om deling av dokument. I dag var det noko som heiter Onedrive vi skulle bruke, og der dukka det opp to mapper med nesten 300 bilete i kvar. Bileta var frå 2006 og 2007, og eg trur det er digitale bilete eg tok på den tida og la inn på msn. Den tida chatta ein litt på messenger, og ein kunne legge ut bilete òg - svært mykje vart lettare og kjekkare på facebook, og msn vart gløymt. Bileta eksisterer tydelegvis enno, og eg fekk ei fin mimrestund med å sjå gjennom alle bileta i kveld. Dei fleste er turbilete av ungar og hundar, og eg trudde dei var tapte for alltid.

2 kommentarer:

  1. Kjempekjekk overrasking. Ein burde vel eigentleg legge alle bilde inn på Internett for å bevare dei sikkert. Eg har ikkje gjort det, men har mange bilde på DVD-plater. Og Bloggen er også ein trygg plass.

    SvarSlett