fredag 7. august 2015

Bok 77 2015: "Det frosten tok" av Kari Nygaard

Året er 1811, staden er Østerdalen. Bygdefolk og samar kjem i konflikt, noko som får fatale følgjer for samane, men òg for nokre av dei involverte nordmennene. Vi blir kjende med samekvinna Marjja og bondekona Lea, som lever på kvar si side av konflikten, men som endar opp som vener og allierte.

Eg er svært glad i bøker frå tidlegare tider, spesielt når dei som denne spinn rundt noko som verkeleg har hendt. Miljøet var totalt ukjent for meg, og tematikken er sjølvsagt fengande i seg sjølv. Spenninga sat i heilt til siste kapittel, og personane vart underleg verkelege for meg. Dette er ei bok eg vil anbefale på det varmaste. Forfattaren var ny for meg, men ho debuterte med ei anna bok i 2013. Den skal eg prøve å få tak i.

2 kommentarer:

  1. Eg har lyst å lese denne også, men kan ha berre ei papirbok om gongen. Du får velje kva for ei eg bør lese av desse to.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne eig eg, så du kan berre ha den liggande.

      Slett