onsdag 26. august 2015

Bok 81 2015: "Å slentre plystrende forbi kirkegården" av Susan Crandall

Fleire suksessfaktorar har vore med på å gjere denne romanen til ein bestseljar:

1. Handlinga er lagd til Mississippi tidleg på 1960-talet
2. Hovudpersonen/forteljarstemma er ei veslevaksen jente
3. Reisemotivet er med, sidan jenta rømmer heimanfrå for å finne mor si
4. Rasespørsmålet står sentralt, ispedd ein porsjon kvinnesak

Boka er ikkje spesielt original, men det er god underhaldning for dei av oss som set pris på bøker med dei ovanfornemnde ingrediensane. Det skulle ikkje forundre meg om boka vert filmatisert.

"Pappaen min sier at når du gjør noe for å avlede tankene fra din verste frykt, er det som å slentre plystrende forbi kirkegården. Du vet, å lage lurveleven for å holde reddheten og gjenferdene fra livet. Han sier at noen ganger er det sånn vi kommer oss gjennom visse vanskelige ting. Men det er ikke svakhet, som å gjemme seg...det er styrke. Det betyr at du er i stand til å gå videre."


2 kommentarer:

  1. Ein fantastisk tittel på den boka. Eg trur sørstatsromanane fekk ein renessanse etter "Barnepiken". Sjølv har eg hatt ein fascinasjon sidan eg las "Tatt av vinden" for hundre år sidan.

    SvarSlett
    Svar
    1. I tillegg har vi Harper Lees andre roman, mange år etter hennar store suksess "To kill a mockingbird"

      Slett