søndag 30. august 2015

Daleteigane og Mosetra

Fordi eg var litt sliten etter fem timar på stand, skulle vi berre gå ein liten og lett tur etterpå. Valet fall på turstien Daleteigane i Ørsta. Det er ei fire kilometer lang rute med rebusløp undervegs. Startpunktet er like ved gravplassen Askjellshaugen. I byrjinga var turen veldig fin, med sti gjennom skogen like ved elva Rossåa. Eg har aldri vore så nær denne elva før, og det artige for meg er at den elva, som vi kalla "Storeelva" i min tidlege barndom, var noko eg var frykteleg redd for. Vi budde nokså nær den elva då eg var lita, og nokon hadde vore veldig strenge og forklart meg kor farleg den elva var. Så vidt eg kan hugse, gjekk vi aldri nær den.

Då vi kom til "Blåtoppen", som var slutten på rebusløypa, hadde vi gått over svært fuktige markar. Vi kom då inn på vegen til Mo-setra, og vi tenkte å gå på den ned att. I ein svak augneblikk ombestemte vi oss og gjekk oppover i staden. Det var interessant å sjå kva skadar som har kome som resultat av flaum og vind, og på nedhogst som har skjedd i tida etter orkanen "Dagmar". På Mo-setra gjekk vi over brua og ned att på den vegen som går til Vallasetra. Dei to vegane går parallelt framover på kvar si side av elva. Det var kjekt å sjå attende i Nupen og på Engeset der eg altså budde som svært lita, og som var eit ynda turmål i ungdomen. Eg gjekk og sykla dit mykje med Nadja, og før den tid gjekk eg dit nokre gonger med Stegg, ein gordonsetter som budde i gata vår.

Det som skulle ha vore ein kjapp og lett tur, vart såleis ein tur på langt over 20 000 skritt. Vi blinka oss ut eit par nye turmål undervegs, nemleg Vassdalen og Sandhornet. Om det ikkje blir i haust, kjem det forhåpentlegvis nye sesongar.
Ved starten av turstien


Enden av rebusløypa

Store endringar i naturen

Nupatippen

Utsikt mot Vassdalen


Utsikt mot setrane

Utsikt nedover vegen

1 kommentar:

  1. Den turen har eg gått fleire gonger-både den som du gjekk og motsett . Det er faktisk ikkje så mange år sidan eg var på Vallasetra. Kjekt no når der er bru over elva, før måtte vi vasse. (Elles går det no an å bile fram på setra, på begge sider av Rossåa. I Dalateigane gjekk eg seinast i fjor.(Det er pensjonisttur de lux).

    SvarSlett