torsdag 10. desember 2015

10. desember: julefest på skulen

Vanlegvis er familien vår talrik i publikum, men i år kom verken besteforeldre eller storesøsken for å sjå på dei to yngste og skulekameratane deira.

Veslejenta var veldig flink som programleiar, og ho var òg med i eit songnummer og spelte dessutan bass på eit kornummer. Minstemann stilte med sjølvskrive dikt, som han på førehand hadde sagt mest bestod av nødrim.

1 kommentar:

  1. Vi var veldig lei oss for at vi ikkje kunne kome denne gongen, men Nils var rett og slettFOR elendig. Heldigvis ser det ut til å gå framover. Og så var det kjekt å sjå og høyre opptaka.

    SvarSlett