onsdag 23. desember 2015

Vesle julaftan 2015

I dag var Storegut på jobb, og resten av familien gjekk ein tur i pøsregn og vind. Deretter kosa vi oss med gløgg og gamle adventseriar frå youtube. Då Storegut kom heim, vart det servert risgraut, slik tradisjonen vår er. Eldstejenta fekk mandelen, slik tradisjonen vår òg er. På programmet elles står pynting av juletre, og så tenkte eg å få skrella poteter og rabber i dag, slik at eg kan konsentrere meg om anna matlaging i morgon.
 

1 kommentar:

  1. Fint juletre, og det er sikkert like fint neste år. Kva med å pynte med wunderbaum? så får du rette lukta ogsa.(Ikkje at eg veit korleis wunderbaum luktar).

    SvarSlett