tirsdag 22. desember 2015

22. desember: siste handlerunde

Sjølv om vi handla mykje i går, vart det behov for ein suppleringsrunde i dag òg. Eldstejenta og eg for derfor til Eid på handel for å kjøpe dei siste små gåvene, den siste pynten og den siste maten. I går kjøpte eg roser til systera mi på Hareid, og i dag kjøpte vi roser til oss sjølve òg. Raude roser er noko vi er svært glade i her i heimen.

Ute pøsregnar det, så i bloggande stund kosar vi oss med juleprogram og gløgg mellom slaga. Seinare blir det tur med hund og sein middag. På menyen står Tikka masala.
Så vart det laga julegodter i vår heim òg.

1 kommentar:

  1. Raude roser er allrid fint! Eg har sett mine inn i nyestova for at dei skal halde seg fine til julaftan!

    SvarSlett