onsdag 9. desember 2015

Bok 102 2015: "Vi ba aldri om vinger" av Vanessa Diffenbaugh

Boka fortel historia om ei kvinne som vart mor i ung alder, utan å vere gift. Mora tok seg av borna, som fekk eit nært forhold til besteforeldra. Når så besteforeldra reiser attende til Mexico, der dei opprinneleg kom ifrå, må mora legge om livet sitt og vere mor for borna sine.

Eg syntest boka var noko springande i tematikken. Ein fekk ikkje noko god forklaring på kvifor besteforeldra reiste attende til Mexico, og kjærleikshistoriene var svært lite overtydande. Heilt ok tidtrøyte, men eigentleg litt keisam, noko som vart forsterka av ei monoton opplesing.

1 kommentar:

  1. Enig i det du skriv. Eg strekte meg til terningkast tre-eg må ha hatt ein snill dag.

    SvarSlett