fredag 8. januar 2016

Vekeslutt og studiestart

Denne veka har eg kreka meg halvsjuk på jobb, og i fritida har eg sløva eller gjort stillesitjande skulearbeid. Etter endt arbeidsveke var det godt å kome heim, men med minus sju grader ute var det ikkje freistande å gå ein lang tur, slik eg eigentleg hadde hatt lyst til. Hosten er ekkel enno, og det gjer nesten fysisk vondt å puste ute.

Enden på visa var at eg ville gjere noko nyttig og nødvendig medan eg sat i godstolen framfor vedomnen, og då kom det vel med at eg hadde fått låne ei av bøkene frå vårens pensumliste. Tida fauk av garde medan eg las heile det første kapittelet, i nesten fire timar. Det ser ut til at dette halvåret blir vanskelegare, men meir interessant, reint fagleg. I dag las eg om læringsteori, som eg kunne ein del om frå PPU-studiet på 90-talet. Spennande stoff, men mykje (og mange) å hugse. Då hjelper det litt at nokre er gamle kjende, som Skinner, Piaget og Vygotsky. Og det meste gir god meining, og kan brukast allereie neste gong eg er på jobb.

3 kommentarer:

  1. Kva heiter studiet ditt eigentleg? Eg trudde det var norsk, men dette luktar pedagogikk, så det er vel ei blanding. Ja, du har sikkert skrive det før-men hukommelsen min er varig skada.

    SvarSlett
  2. Master i undervisning og læring. Fordjupinga i norskundervisning begynner først neste år, så i år er det eit slags pedagogikkstudium.

    SvarSlett
  3. Javel, så veit eg det. Trudde du begynte rett på norsken.

    SvarSlett