søndag 3. januar 2016

3. januar: Stigedalen

Forkjølinga sit i enno, og det var uaktuelt med ein altfor lang eller bratt tur i dag. Vi diskuterte lenge kvar det kunne tenkjast å vere mest sol i dag, og tanken var at Stigedalen låg så høgt oppe at sola kom til å skine der. Det slo feil. Vi valde å gå på ein anleggsveg frå Tua og opp mot ei monstermast.

Kort oppsummert: ein bratt tur i skugge mot eit relativt uinteressant utsiktspunkt.

Positivt: hundane fekk springe lause utan å skremme andre turgåarar.

Vel heime fyrer eg i omnen og leitar fram lærebøkene. I morgon er det jobb att, etter ein lang ferie. Eg håpar forkjølinga slepp taket ganske raskt, for det er slitsamt å vere forkjøla lærar.

1 kommentar:

  1. Eg ligg mest på sofaen med lydbok, og "pleiar"forkjølinga mi.Glad eg avlyste tannlegen. Er det ballett i morgon?

    SvarSlett