torsdag 7. januar 2016

Bok 1 2016: "Stalker" av Lars Kepler

Ein valdsfiksert seriemordar filmar sine kvinnelige offer og legg filmsnuttane ut på YouTube. Rekk politiet å avverge det neste drapet? Kven er mordaren? Kan det vere presten Rocky Kyrklund, som for ni år sidan blei dømd til psykiatrisk behandling etter eit brutalt mord? Kan det vere Jurek Walter – psykopaten kjend frå dei tidlegare Kepler-thrillarane – eller er han død? Og kvar er politihelten Joona Linna? Er han også død, slik alle trur?
Eg hadde lese mykje positiv omtale av denne boka, forfatta av ekteparet som kallar seg Lars Kepler, men eg vart ikkje heilt begeistra. Løysinga er i og for seg ok, men karakterane og drapsmotiva er ikkje heilt truverdige, synest eg. Etter å ha vore frykteleg begeistra for "Hypnotisøren", er eg gong på gong blitt skuffa over Kepler-bøkene. No trur eg at eg gir opp denne forfattaren, sidan eg har høyrt mykje negativt om den neste boka...

1 kommentar:

  1. Eg slo opp på bloggen min, og til mi forundring likte eg boka, tykte den var spennande. Men eg hugsar ingen ting av den no.

    SvarSlett