søndag 17. januar 2016

Bok 5 2016: "Primitive pungdyr" av Arne Svingen

Dick er 15 år og vil bli verdsmeister i å vere negativ. Han vil ikkje vere med familien på hytta, for han er interessert i ei jente og vil lage heime-aleine-fest saman med kompisen. Det heile utartar seg, og resultatet er ei fornøyeleg ungdomsbok om korleis det kan vere å vere 15 år. Boka passar kanskje best for lesarar i same aldersgruppe som hovudpersonen, men den var morosam for ein vaksen lesar òg.

1 kommentar:

  1. Når eg blir litt eldre skal eg også lese barne-og ungdomsbøker !

    SvarSlett